VARSEL OM IUA ØVING I SOLVORN
Det vert med dette varsla om stor-øving i Solvorn 14 og 15 mai. Dette er ei oljevern øving med simulert oljeutslepp frå cruiseskip. Den operative delen av øvinga vil gå føre seg 15 mai frå ca kl.09 til 21. Det er interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA), Sogn brann og redning IKS og Sivilforsvaret + inviterte observatørar som deltek i Øvinga. Ma. vil Statens naturoppsyn vere tilstades. Totalt vil nærare 70 personar vere involvert. Vi ber båtrafikken vere særskilt merksame!
Dei som har spørsmål ikring øvinga kan kontakte Sogn brann og redning ved Varabrannsjef på tlf.90037256