Sørg for god lufting
God forbrenning krev mykje luft. Ha alle trekkventilane opne når du tenner i peisen. Når det er god varme i omnen kan du skru ned for trekken til det brenn med rolege flammar.
Ikkje for mykje eller fuktig ved
Dersom du fyller omnen med ved og fyrer med lite trekk, vert det danna beksot i skorsteinen. Det same skjer om du fyrer med fuktig ved. Beksot og tjære som samler seg i pipa tar etter kvart fyr. Det kan skje etter berre nokre få månader med feil fyring.
Sjekk brukarmanualen eller kontakt leverandøren hvis du lurer på korleis din peis fungerar.
Ikkje brenn søppel i vedomnen
Plast, gavepapir, melkekartongar og anna søppel skal ikkje brennast i vedomnen. Det aukar faren for blanksot i pipa. Juletreet skal heller ikkje inn i omnen når det skal ryddast ut. Brenning av bartre gjev ein høgare temperatur i pipa enn vanleg vedfyring.
Hald pipa og eldstaden i orden
Det er ditt ansvar å sørgje for å halde skorsteiner og eldstader i orden. Sjå etter sprekker og teikn på at pipa kan vere ødelagt. Hugs å ta ut sot etter feiing.
Om du er usikker, ta kontakt med oss!