Tilkomst for brannvesenet, brannkummar og brøyting!
Vi oppmodar både publikum og våre eigarkommunar om ekstra merksemd knytt til brannvesenets tilkomst. Store snømengder er utfordrane i høve parkeringtilhøva og for brannkummar og skilt som vert tildekte av snø. Sjå etter i nabolaget ditt om brannkummen er fri for snø og at skilt for merking av kum er synleg. Spa gjerne fram kummen nær deg og du hjelper brannvesenet til ein meir effektiv og tryggare innsats. Pass på at bilar ikkje vert parkert slik at brannvesenets store kjørety ikkje kjem fram. Vi krev minst 3,5 m vegbredde og svingradius ytterkant veg 13m.
Takk for at du hjelper oss!