Sidan 1.1.2016 har det i følgje brannstatistikken til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap vore 424 brannar som er stadfesta har starta i elektrisk ustyr knytta til vask og tørk. Dette er vaskemaskinar, tørketromlar, oppvaskmaskinar og liknande. Når straumprisane er høge dei timane dei fleste av oss er heime og vakne, så kan det freiste å sette på vaskemaskinen og tørketrommelen om natta for å spare nokre kroner. Som statistikken viser er det knytt brannfare til dette. Ein brann som oppstår om natta når du søv er alltid meir kritisk for liv og helse, enn om dagen når ein kan reagere med ein gong. Vi rår derfor alle til å tenkje branntryggleik framom straumrekning.
Dei låge temperaturane vi har no, gjer også til at vi hentar fram ekstra omnar til oppvarming. I tillegg har vi heilt andre vanar for straumforbruk enn for berre 20 - 30 år sidan. Eldre el-anlegg er ikkje dimensjonert for denne auka lasta. Gamle sikringsskap og el-anlegg er sårbare for varmgang og bør kontrollerast av fagfolk opp mot dei nye forbruksvanane.
Elektriske varmeomnar bør vere veggfaste. Flyttbare omnar er lett å velte i litt vilter barneleik eller av større kjeledyr. Elektriske omnar skal ikkje brukast til å tørke kle på og må ikkje dekkast til. Dei blir då så varme at det kan byrje å brenne. Nokre oljefylte omnar har vist seg å kunne lekke olje. Dei må derfor stå ein stad kor du kan sjå ein eventuell lekkasje. Når det blir for lite olje til å dekke varmeelementa i omnen, vil dei bli for varme og brann kan oppstå.
Vi minner elles om at du berre skal ha tørr ved i vedomnen, og at du må ha god trekk når du fyrer for å unngå blanksot i skorsteinen.
Hugs å sjekke at røykvarslaren fungerer som den skal. Det er det beste tryggingstiltaket du har om ein brann skulle oppstå.