Pressemelding: Totalt bålforbod, grunna stor skogbrannfare ei presisering! Oppdatert 30 mai!

Det tørre fine været held fram, skogbrannindeksen er no stort sett passert 70 (meget stor fare!) og vi finn det naudsynt å gjere nokre presiseringar i høve forbodet. 

- det er forbode å gjere opp bål uansett storleik

- det er forbode å grille og det gjeld og gassgrillar i tillegg til eingongsgrillar bålpannar mv. (Men du kan fortsatt grille heime i eigen hage når du passer på)

- det er forbode å nytte kokeinnretningar med brennstoff som stormkjøken og primus

- det er forbode å bruke maskinar som kan medføre varmeutvikling og/eller gneister som t.d vinkleslipar

- I tillegg oppfordrar vi no å ikkje drive sprengingsarbeid i eller i nærleiken av skog og mark og vi ber og skyttarlag avstå frå aktivitet som kan føre til brann i skog og mark.

Vi erfarer og at folk ikkje respekterer det generelle forbodet som gjeld frå 15 april til 15 september. Fleire tilløp til brann i skog og mark siste veka gjer at Sogn brann og redning IKS innfører frå og med idag (25 mai) totalforbud mot å gjere opp eld utandørs. Det inneber at det ikkje er lov å grille eller tenne bål i skogen, i marka eller på stranda. Du kan heller ikkje bruke dei faste bålplassane i marka eller brenne bråte når det er totalforbod. Grilling i eigen hage er som regel tillatt så lenge du passar godt på!

Totalforbodet gjeld i alle våre fem eigarkommunar: Sogndal, Luster, Leikangar Balestrand og Vik. Og gjeld inntil ny melding vert lagt ut!

Heimel for forbodet fremgår av forskrift om brannforebygging §3 og brann- og eksplosjonsvernlova §37.

 

 

Ved spørsmål om totalforbodet eller bålbrenning ta kontakt med overordna vakt/vakthavande brannsjef på tlf. 48 29 69 29

https://www.yr.no/spesialvarsel/skogbrannfare.html

Her finn du "skogbrannplakaten" som kan hengast opp der det er naturleg og ved behov.  

https://www.dsb.no/globalassets/dokumenter/brann-og-redning-bre/skogbrannhelikopter/skogbrannplakat.pdf

 


Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut