Gjennom Min Eigedom finn du tilsynsrapportar, varsling om feiing og tilsyn, registrerte avvik på fyringsanlegget, tilbakemelding frå oss etter siste besøk, og data vi har registrert knytt til fyringsanlegget ditt. Dersom du har kjøpt bustad med fyringsanlegg vil du sjå opplysningar om fyringsanlegget, men ikkje kommunikasjon med tidlegare eigar.

Min Eiendom er i tillegg ei samling opplysningar om til dømes bosstømming, eigedomsskatt, hefte knytt til eigedom osb. Pålogging skjer gjennom ID-porten via BankID, MinID, Buypass eller Commfides på eierinfo.no. Finn rett eigedom og ruta som heiter brannførebygging.

Det betyr at du berre får tilgang til dei eigedommane som du sjølv eig. Opplysningar på eigedommar som dine foreldre eller barn, søsken eller andre slektingar, naboar eller kjente eig er ikkje tilgjengeleg for deg. Vi kan heller ikkje gjere endringar hos oss som gjev tilgang til desse. Dersom du skal ta hand om slike, må du få rett eigar til å logge på.

Spør gjerne om du ikkje finn fram.