Nordic Seahunter båtar (to stk), til Sogn brann og redning, stasjonert ved Leikanger stasjon.
Sogn brann og redning IKS har fått tildelt to stk Nordic Seahunter skrog frå Kystverket og IUA Sogn og Sunnfjord. Skroga er meint nytta i oljevernsamanheng, men er og godt egna til redningsoppdrag og søk i strandsona. Det eine skroget er med motor og styrekonsoll og skroga kan koplast saman til ein lektar for frakt av tyngre materiell. Begge skroga kan fraktast på tilhengar som og følgde med i leveransen frå Kystverket. Skroget med motor ligg operativ i båthavna på Leikanger. Saman med overflatereddarar frå Sogndal stasjon kan vi no på ein endå betra måte hjelpe publikum og andre under ein redningsaksjon. Her kan du sjå video av ein tilsvarande båt.
http://www.youtube.com/watch?v=yjClSJEVF-A
http://www.youtube.com/watch?v=fIxVCsMWFao