Litt om feiing!
Det har vore ein del reaksjonar på at Sogn brann og redning ikkje kan godta tilkomsten opp til skorsteinen på enkelte hus, som tidlegare har vore ok. Dette er ikkje nokon ny lov eller forskrift, men berre at Sogn brann og redning handhevar dette slik som vi meinar krevst av oss (jf HMT). Vi har utarbeida ein instruks for dette som feiarane skal følgje, og den ligg ute på heimesida vår: instruks for tilkomst på tak 2015.pdf
Det er også ein del huseigarar som er misfornøgde med å måtte betale for feiing av skorsteinar som er lite eller ikkje i bruk, dette kan gjerast noko med ved å:
- Plombere skorsteinen på toppen, eller alle omnar må koplast ifrå og hulla støypast att. Deretter skal dette kontrollerast av feiar.
- Eigar kan også søke kommunen skriftleg om å få omgjort bustaden til fritidsbustad (feriehus), og då unngår dei feieplikta/bustadtilsyn.
- Eit anna alternativ er å forandre på feiefrekvensen, og då er det rimelegaste alternativet å få utført feiing kvart fjerde år.
Kåre Egil Skjerven
Avd.leiar førebyggande
Sogn brann og redning