Ledige stillingar som brannkonstabler
Ønskjer du å bidra i lokalsamfunnet? Kanskje er ei deltidsstilling som brannkonstabel noko for deg? Vi ynskjer personar med sertifikat kl.C og du må vere helsemessig skikka til å utføre røykdykking. Helsesjekk og røykdykkartest vert gjennomført før tilsetting. Det kan og vere aktuelt å inngå i vaktordningar. Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Send ein kortfatta søknad med cv til:
postmottak@sogndal.kommune.no du kan og kontakte brannmeister på tlf 93 40 50 70 el varabrannsjef på tlf 91 58 68 22.