I år sender vi ut SMS-varsel til dei som har fritidsbustader i Luster. Meldinga du får ser ut som den på bilete over.
I meldinga blir du bede om å trykke på ei lenkje til registreringsskjema.
Opplysningane vi skal registere er mellom anna kva type fyringsanlegg og skorstein som er montert, kor ofte fritidsbustaden er i bruk og korleis vi kan komme oss fram til den.
Når vi har registrert opplysningane så sett vi dei inn i aktuelle arbeidsruter og planlegg dagane våre.
Dersom du ikkje har moglegheit til å registrere desse opplysningane sjølv, ber vi om at du tar kontakt med brannførebyggaren som er sett som kontaktperson i varselet.