PFAS er ei stoffgruppe som inneheld per- og polyfluoralkylstoff. Desse stoffa har vist seg å vere skadelege både for menneske og dyr, og blir brote veldig sakte ned i naturen. 

Frå 23. oktober 2026 blir det forbode å selje handhaldne eller berbare brannsløkkemiddel som inneheld PFAS-haldig skum. Eksisterande apparat er lovleg i bruk fram til 31. desember 2030. 

Miljødirektoratet tilrår sjølvsagt at dersom du tenkjer å kjøpe nye skumapparat no, veljer eit med PFAS-fritt skum.

Les meir om PFAS og overgangsordningar på Miljødirektoratet si heimeside.