Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap oppmodar alle til å bli ein beredskapsvenn. Nokre av oss treng kanskje eit beredskapslager eller manglar kunnskap om kva eit lager bør innehalde.
Vener, naboar og familie kan samarbeide og hjelpe kvarandre med å halde eigenberedskapen oppe. Planlegg korleis dette kan gjerast og gjer avtalar om felles eigenberedskap. Kan du klare deg i ei veke om straum, vatn, telefon, internett, eller andre naudsynte forhold skulle forsvinne? Sjekklister for eigenberedskap finn du digitalt på fleire språk.
På dsb.no/egenberedskap finn du også ei rekke nyttige råd om tips om korleis du kan bli betre førebudd på ulike kriser.
