Over 130 vaksne og born var innom den nye brannstasjonen i Leikanger på open dag laurdag 24 september frå kl.11-14. Her hadde Sogn brann og redning IKS inviterte til open stasjon med m.a prøvekøyring av brannbil, konkurranse, spyle på blink mm. Det var også høve til å å få noko å bite i. Kjeks og småkaker gjekk ned på høgkant. Ungar og vaksne såg ut til å trives noko vedlagte bilete er eit prov på.

Også ved brannstasjonen i Vik var det godt oppmøte med over 120 personar innom. Også her var prøvekjøring av brannbil den store hit’en. I Vik var også Sivilforsvaret tilstede for å vise fram litt av sitt utstyr m.a telt og lysutstyr. Sogn brann og redning IKS vil takke for godt oppmøte og ynskjer folk velkommen attende ved eit seinare høve. Vi vil også takke mannskap og befal for god innsats under arrangementet.

 

Mvh

Vidar Trettenes

Avd.leiar beredskap

Sogn brann og redning IKS

Tlf.90037256