Kor ofte skal skorsteinen min feiast?

- Brannførebyggaren vurderer dette i samband med feiing og tilsyn. Ein visuell vurdering av sotmengde, om det er blanksot i pipa og tilstanden på skorsteinen gjev indikasjonar om du bør ha besøk av brannførebyggaren kvart år, kvart anna år eller sjeldnare enn dette.

Kva er eit tilsyn?

- Tilsynet er ein inspeksjon av fyringsanlegget. Dette er eit viktig arbeid for å unngå sotbrann som kan utvikle seg vidare til bygningsbrann. Det betyr at brannførebyggaren ser mellom anna etter at eldstaden er i orden, at det er forsvarleg avstand til fast og flyttbart brennbart materiale, at sotluker og feieluker er i orden. Vi ønskjer å ha huseigar/bebuar til stades under tilsynet for å rettleie og gje råd dersom det blir funne feil og manglar. 

Kva gebyr må eg betale?

- Gebyret er sett ut frå feieintervallet. Det vil derfor kunne variere over tid etter som brannførebyggaren vurderer kva tid neste feiing bør gjennomførast for kvar gang tenesten blir utført. Vi har delt inn i tre gebyrsatsar; gebyr for årleg feiing, for feiing kvart anna år og ein minstesats. Gebyret blir fakturert kvart år, men satsane er ulike. Sjå på din kommune si prisoversikt for å finne satsen for inneverande år. 

Eg brukar ikkje fyringsanlegget mitt. Kva må eg gjere for å få fritak for avgifter?

- Det er fastsett reglar for fritak i forskrift om gebyr for gjennomøfring av feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Sogndal, Vik og Luster. Dersom eldstaden er kopla frå skorsteinen, stengt med plombe eller segl, bygget den står i er for dårleg til å brukast eller eldstaden har feil som gjer at den ikkje kan brukast, så vil du kunne søke om fritak. 

Kan eg feie skorsteinen min sjølv?

- Feiing omfattar ei fagleg vurdering i tillegg til å fjerne sot. Brannførebyggaren har ulike typar utstyr til ulike typar skorsteinar. Både storleik og utforming på utstyret som blir brukt vil vere med på å sikre at tilstrekkeleg med sot blir fjerna samstundes som skorsteinen ikkje blir skada. Tenesta kring feiing og bustadtilsyn er heimla i Forskrift om brannførebygging §17. Sogn brann og redning IKS utfører denne tenesta på vegne av kommunane Sogndal, Vik og Luster. 

Kvifor får eg ikkje feia om eg ikkje har rett stige opp til og på taket?

- Taket ditt er brannførebyggaren sin arbeidsplass. For å unngå skader etter fall må vi vudere risiko med å gå opp på kvart enkelt tak. Vi har oppdrag som må utførast i all slags ver. Ulike typar taktekke vil ha ulik friksjon. Tilfredsstillande tilkomst til taket er derfor viktig for helse, miljø og tryggleik for brannførebyggaren. Instruksen for tilkomst på tak finn du i sidemenyen her på nettsida. Det vil også alltid vere ein risko for å skade taktekket dersom vi må gå direkte på dette utan gode stigetrinn. Det vil vere uheldig både for deg som huseigar og oss som utfører arbeidet om noko blir skada.

 

Har du framleis spørsmål? Ta kontakt med leiar førebyggande avdeling Torill Anita Segtnan, tlf 47 67 29 72, eller arbeidsformann for brannførebyggarane Morten Dale, tlf. 95 21 51 31