Ein av konsekvensane er at kundar som har fyringsanlegg i Sogndal kommune har ikkje fått gebyr for feiing og bustadtilsyn på rekninga for kommunale avgifter første termin 2024. Leverandøren meinar no at dei har luka unna feil og manglar knytt til avgiftene. Sidan rekningane allereie har gått ut frå Sogndal kommune, så vil gebyret for feiing og bustadtilsyn i heilskap komme på rekninga for andre termin.